Dette er ein tekst eg fann da eg rydda i gamle filer. Han var på trykk i Dag og Tid i 2003 ein gong.
Ettersom feminismen er ute av verda og kvinnene på jobb, er det ei offentleg satsingsoppgåve å få folk med minoritetsbakgrunn ut i arbeid. Kva er da meir naturleg enn at Aetat går føre som eit framifrå døme? I Noreg er det om lag 350.000 menneske som talar minoritetsspråk. Desse språka kan grovt delast inn i tre grupper, skriv Lars Anders Kulbrandstad i siste nummer av Språknytt (nr. 1-2/2003). Det er det samiske språket, som blir tala av opptil 20.000 personar, språk til andre nasjonale minoritetar og dei mange innvandrarspråka.
I Norsk Lysingsblad møter ein menneske med minoritetsbakgrunn hovudsakleg under tre rubrikkar: 1. Forkynning i separasjons- og skilsmissesaker, samt stemningar i farskapssaker, der fuglen er floge. 2. Kunngjeringar frå Føretaksregistret i Brønnøysund av typen ”Enkeltmannsforetak. Firma: Happy Grill. Næringsvirksomhet: Gatekjøkken”. Så langt må ein kunne seie at Lysingsbladet held stereotype fordommar om personar med minoritetsbakgrunn ved like, men det betrar seg på det tredje hovudfeltet, annonsar for ledige stillingar i det offentlege.
I Norsk Lysingsblad nr. 159 frå mandag 14. juli 2003 les eg at Lensmannen i Ringebu treng ein vikar som kan vere politiførstebetjent, og han oppmodar personar med minoritetsbakgrunn til å søkje. Rett føre denne annonsen lyser Aetat Oslo og Akershus ut ei stilling som konsulent, og oppmodar personar med minoritetsbakgrunn til å søkje. Så er det slutt på den offentlege konsensusen, for rett bak Lensmannen i Ringebu skjer det eit språkleg krumspring med minoritetspolitisk konsekvens innaføre den same Aetaten.
Det er Aetat Vadsø som treng ein førstekonsulent, men tru berre ikkje at dette arbeidskontoret oppmodar personar med minoritetsbakgrunn om å søkje. Nei, Aetat Vadsø søkjer heller særskilt etter personar med innvandrarbakgrunn, altså alle andre minoritetar enn samar og kvenar, som det riktig nok er ein god del av i Finnmark. Samar og kvenar som ynskjer seg arbeid i det offentlege, får heller søkje konsulentstillinga hos Aetat Oslo og Akershus, eventuelt vikariatet som førstebetjent hos Lensmannen i Ringebu. Ja, for så kan jo han eller ho som første sak etterforske diskriminering på etnisk grunnlag i stillingsannonsar frå offentlege etatar.