Odd Gaare:
Papirpublisert i Dag og Tid 2002
I rettssalstragedien Ally McBeal møter ein smilande pene menneske som lever ved sida av kvarandre med humor i blikket og musikk på øyret, men under den tynne huden renn straumar av lengt etter høgverdig kjærleik. Det tragiske er tett bunde til utilitarismen, som legg til grunn at det som individet er best tent med, er det beste for samfunnet.
Dette er ein mentalitet som vi også kunne finne i middelklasselaget i det urbane Noreg på 1800-talet, og som tragedieforfattaren Henrik Ibsen heldt sviande oppgjer med i ekteskapsdramaa sine. Problema oppstår gjerne når ein part er for veik eller har gifta seg under andre motiv enn kjærleik. Skodespel som Rosmersholm, Fruen fra havet og Hedda Gabler er skrive som rettargangar mot samfunnet på ruinane av dei dynamiske, lykkekrevjande individa.
Dei sakene som nordamerikanske fjernsynsadvokatar arbeider med, handlar ikkje om kriminalitet mot fellesgode i samfunnet, men om kriminalitet mot lykka til den einskilde i den urbane middelklassa. Ein saksøkjar vil annullere ekteskapet av di hustrua ikkje let han oppleve sex av eit slikt slag eller omfang som han kunne krevje ut frå sine lykkeførestellingar. Ein annan er saksøkt for å ha stole dansetrinna frå den andre, for aldri var salsaen meir erotisk dampande enn då dei to dansa saman. Etter brotet var det difor ikkje berre dansetrinna, men lykka sjølve som blei borte. Breidda i den nordamerikanske tragedien gjev også rom for julenissen ved at ein lærar blir saksøkt for å ha sagt til borna at julenissen ikkje finst. Grunnlaget for søksmålet var legitimt nok: Læraren hadde teke lykka frå borna då han i god opplysningsande gjekk i rette med overtrua.
I dei nordamerikanske rettargangstragediane rår ein ekstrem individualisme over den kapitalismen som i ibsendramaa tener borgarlege fellesverdiar. Den tydelegaste moralske defekten ein finn, er manglande styrke, eller enda verre, manglande vilje til å realisere lykka si. Kvar og ein har lenka lykka til sin eigen kropp og individualitet, og dei er alle dømde til isolasjon ved sida av kvarandre. Dømde til vedvarande latter og dionysisk dans, syngjande om lengt etter den store kjærleiken i barrestauranten som symbolsk nok ligg i dunkelt lys nedst i firmabygget. Å overskride sin eigen urbane individualitet for å realisere ekte kjærleik i ekteskap og familie vil paradoksalt nok vere eit brotsverk mot livsløgna til dei andre, og difor moralsk forkasteleg.
Med Romerike som bakteppe for eit lite stykke Amerika regisserte vi ein norsk fjernsynsversjon av slike drama, men heller ikkje her var vonde gjerningar det essensielle i tragedien. Hovudsaka var snarare å syne kor gale det kan gå når ein har lykka framom seg og nokon brått stiller seg i vegen. Då blir det skipa til ei styrkeprøve, og tragedien er eit faktum når helten syner seg for veik til å realisere lykka si. Det er ikkje vondskapen, men veikskap av dette slaget som vi tiltalar og får dømd i fjernsynsrettargangar i samfunn der kvar einskild har suveren skyldnad for eiga lykke. Den som tørstar etter kjærleiken og vil si eiga lykke, må vere sterk nok til å realisere ho. Den veike flyktar unna ved å velje seg ein umogleg kjærleik, for så å gå til grunne i lengta etter han, slik Goethes unge Werther gjorde.
Den som klamrar seg til det umoglege for å verne om lykka si, gjer ho samtidig til ein fiksjon. Den veike hamnar såleis fort i selskap med den kjærleikslengtande fiksjonsfiguren Ally McBeal i det nordamerikanske rettssalssdramaet. Der Ibsen såg lykka som ”å være i overensstemmelse med seg selv”, er rettssalslykka å få stadfesta retten til å leve i pakt med si eiga livsløgn – livsløgna er sjølve målet på lykka. Den ekte, fiksjonelle lykka er følgjeleg å finne i dei fengslande vakre illusjonane som livsløgna leikar oss inn i. Ja, det er altså på TV, vel å merke.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar