Papirpublisert i Avisa Nordland i 2006.
Eg hadde eigentleg levert det siste bidraget mitt til denne gratisspalta, men det gjekk redaksjonen hus forbi. Redninga rett før deadline får vere at eldstedottera mi, Katrine i tiande, har skrive eit snusfornuftig skuleessay som eg går god for. Det går som så:
”Ein dag eg gjekk heim frå skulen, såg eg noko merkeleg: Ein gut på om lag tolv år gjekk føre meg på vegen. Ikkje at det var så rart, sidan alle gutar går på vegen når dei skal heim. Det som var så underleg, var ryggsekken hans. Bakpå sekken var det nemleg seks runde lommer med glidelås på, og kvar av dei såg ut til å passe perfekt til ei snuseske. Så kan ein undre seg: Kva skal ein tolv år gammal gut med ein sekk som er laga slik at ein kan frakte med seg snusen sin til skulen?
Snus er eit rusmiddel som påfører brukaren både ”snuslomme” i munnhola, høgt blodtrykk, skadar på skjellett og musklar, sukkersjuke og hjarte- og karsjukdommar. Dette er skremmande fakta, og det er berre ein liten pris kvar dag som leier til slike skadar. I Nordland er det visstnok heile 32 % av gutane på ungdomsskulen som snuser. For å kunne kjøpe snus må ein vere over 18 år, men ingen av ungdomsskulegutane og dei færraste av gutane på vidaregåande er gamle nok til å kjøpe snusen sin sjølv. Løysinga deira er anten å spørje eldre søsken eller å nytte seg av eldre venar til å gjere noko ulovleg.
Ved sida av å medvirke til lovbrot, får snusarane gule tenner, dårleg ande, skitne fingrar og hamsterutsjånad. Ein blir ikkje mykje kul av å ha kul på leppa og sjå ut som ein gnagar, seier no eg, og personleg synest eg at snus er ukledeleg, ekkelt og beint fram urkomisk. Kvifor i all verda vil gutane sjå ut som hamstrar som har lagra all maten sin i overleppa? Eg veit ikkje kva andre jenter på min alder meiner om slike snushamstrar, men eg ville ikkje likt å kysse ein med snus, eller halde han i handa for den del.
Kvifor i all verda snuser da så mange gutar som elles er så opptekne av kva vi jenter tenkjer om dei? Den snuseska gutane forsyner seg av, har tre prisar: prisen i butikken, prisen dei puttar under leppa og prisen dei må betale med helsa. Dei gule tennene, den dårlege anden, dei skitne fingrane og hamsterleppa - trongen må vere sterk når prisen er så høg”, skriv dottera mi. Sjølv er eg kisteglad for at kona mi ikkje har snus under leppa, og får heller tåle at ho har bein i nasen.
Dei siste setningane mine går til Bente som ikkje forstod min ”Skyttargravpoesi” (AN 29/12): Det at du ikkje kunne forstå det eg skreiv om, skuldast at det eg skreiv om, ikkje kunne skrivast om i normalspråket. Korleis skulle du da kunne forstå teksten? Det er eit svimlande poeng: Da du forstod at du ikkje forstod, forstod du meininga med teksten, med andre ord. Med poetiske ord. La oss berre seie som så, at det er ein samanheng mellom det å skjønne og det skjønne i språket. Ein treng rett verktøy, som det poetiske språket er, i møtet med det uforståelege, som til dømes livet er.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar