04 april, 2007

Frihandsteikning av politisk landskap

Papirpublisert i Dag og Tid i 2002.

Eg følgjer med i norsk politikk så godt eg kan, men lett er det ikkje. Det står så mange TV-kamera og mikrofonhaldarar i vegen. Det politiske problemet eg skal sjå nærare på her, kan vere like mye psykologisk som politisk. Problemet er ein manglande vilje til å innsjå at ein er blitt overflødig. Tesen eg vil setje fram, er at forandringar i samfunnet gjer politiske parti overflødige, og då ikkje berre Venstre kvar gong.

Det første partiet som blei overflødig, var sjølvsagt embetsmannspartiet Høgre. Då parlamentarismen blei inn og unionen ut, skulle eigentleg Høgre også ut. Det var Venstre som var den politiske krafta i Noreg på den tida. No skal ein ikkje undervurdere Venstre som reformparti seinare også, men den sosiale uroa etter 1. verdskrigen var det Arbeidarpartiet som kunne handsame best politisk. Ikkje aleine, for både Bondepartiet og Nasjonal Samling var politisk representative for Noreg i 20- og 30-åra. Men sjølvsagt, det var ei tid for Tranmæl og ei tid for Quisling, og ei tid for politisk katarsis etter 1945. Noregs kommunistiske parti blei også vaska bort under den nasjonale lutringsprosessen av landssviktenking og omsutsfulle talar frå Kråkerøy.

Ei frihandsteikning av det politiske landskapet anno 1950 syner difor at Høgre hadde utspela den politiske rolla si i 1884, Venstre etter 1917, Bondepartiet og Nasjonal Samling med avrettinga av Quisling på Akershus i 1945 og Noregs kommunistiske parti etter at Gerhardsen takka ja til Marshall-hjelpa i 1948. Dei samfunnsoppgåvene som stod att å løyse, var følgjande: Å byggje industri og bustadar til arbeidarar, å gjere Noreg sjølvforsynt med mat, å byggje ein utdaningssektor og gjeve studielån til folket, å innføre moms, å finne olje, å seie nei til EF, å avvikle industrien og skape bustadmangel, å gjere Noreg avhengig av matimport, å rasere utdaningssektoren og krevje inn studielåna, og til sist å innføre enda meir moms og bade i oljepengar etter å ha sagt nei til EU enno ein gong.

Til dette trongst Arbeidarpartiet og Senterpartiet, som tok for seg av industri- og landbruksveljarane, medan Sosialistisk Folkeparti lokka til seg veljarar frå utdaningssektoren. Etter avviklinga av desse sektorane som livskraftige samfunnsområde, var sjølvsagt dei politiske ideane for desse sektorane også borte. Ettersom parti utan samfunns- eller idégrunnlag er overflødige, var dette over og ut for SF, Sp og Ap. Kva for parti står då att i det politiske landskapet i Noreg etter denne politiske eliminasjonsmetoden?

Det kan kanskje vere lurt å stikke fingeren i grasrota, og ta temperaturen på meinigmann. Kari og Ola Nordmann er anno 2002 sofistikerte forbrukarar som kjøper og konsumerer fordi ho fortener det og han må ha det. Berre må ha det. No er det urettvist å seie det slik, for me er ikkje berre kalde konsumentar, men også kjenslevare konsumentar innimellom. Det er dette ego- og konsumpolitikarane i Framstegspartiet har forstått. Ja, og så dei kjenslevare samvitsprofetane i Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti, sjølvsagt.

Dette gjer at eg no kan konkludere over dei premissane som er gjevne ovafor. Me treng berre to parti til å løyse samfunnsoppgåvene, og det er eit konsumparti og eit samvitsparti. Ettersom to slike parti utfyller og balanserer kvarandre, kunne dei like gjerne vere fløyer i same parti. Altså kan ein fusjonere Frp, KrF og SV til eitt parti. Konsumideologane frå FrP kan gjere Noreg billegare 362 dagar i året, medan samvitsfløya med utspring i KrF og SV spesialiserer seg på tung samvitspolitikk under TV-aksjonane den 11/9, den i oktober og den 24/12. Sjølv har eg vore overflødig veljar lenge, det ser eg no, men det får så vere, det også.

Ingen kommentarer: