Eg følgjer med i norsk politikk så godt eg kan, men lett er det ikkje. Det står så mange TV-kamera og mikrofonhaldarar i vegen.
Det problemet eg skal sjå nærare på her, kan vere like mykje psykologisk som politisk. Problemet er ein manglande vilje til å innsjå at ein er blitt overflødig. Tesen eg vil setje fram, er at forandringar i samfunnet gjer politiske parti overflødige, og då ikkje berre Venstre kvar gong.
Det første partiet som blei overflødig, var sjølvsagt embetsmannspartiet Høgre. Då parlamentarismen blei inn og unionen ut, skulle eigentleg Høgre også ut. Det var Venstre som var den politiske krafta i Noreg på den tida. No skal ein ikkje undervurdere Venstre som reformparti seinare også, men den sosiale uroa etter 1. verdskrig var det Arbeidarpartiet som kunne handsame best politisk. Ikkje aleine, for både Bondepartiet og Nasjonal Samling var politisk representative for Noreg i 20- og 30-åra. Noregs kommunistiske parti fekk også ein plass i sola før det blei vaska bort av Gerhardsens omsutsfulle tale på Kråkerøy i 1948.
Dei samfunnsoppgåvene som stod att å løyse i 1950, var følgjande: å byggje industri og bustadar til arbeidarar, å gjere Noreg sjølvforsynt med mat, å byggje ein utdaningssektor og gjeve studielån til folket, å innføre moms, å finne olje, å seie nei til den europeiske fellesskapen, å avvikle industrien, urbanisere og skape bustadmangel, å gjere Noreg avhengig av matimport, å rasere utdaningssektoren og krevje inn studielåna, og til sist å innføre enda meir moms og smørje kvarandre med oljepengar etter å ha sagt nei til den europeiske unionen denne gongen.
Til dette trongst Ap og Senterpartiet, som tok for seg av industri- og landbruksveljarane, medan Sosialistisk Folkeparti lokka til seg veljarar frå utdaningssektoren. Etter avviklinga av desse sektorane som livskraftige samfunnsområde, var sjølvsagt dei politiske ideane for desse sektorane også borte. Ettersom parti utan samfunns- eller idégrunnlag er overflødige, var dette over og ut for Sf, Sp og Ap.
Nordmenn anno 2006 er sofistikerte forbrukarar som konsumerer fordi ho fortener det og han må ha det. Berre må ha det. No er det urettvist å seie det slik, for me er ikkje berre kalde konsumentar, men også kjenslevare konsumentar innimellom. Det er dette konsumpolitikarane i Framstegspartiet og samvitspopulistane i Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti har forstått.
Dette gjer at eg no kan konkludere over dei premissane som er gjevne ovafor: Me kan fusjonere Frp, Krf og SV til eitt parti. Konsumideologane frå Frp kan gjere Noreg billegare 363 dagar i året, medan samvitsfløya med utspring i Krf og Sv spesialiserer seg på tung samvitspolitikk under TV-aksjonane 24. oktober og den 24. desember. Sjølv har eg vore overflødig veljar lenge, det ser eg no, men det får så vere, det også.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar