Telenor, Posten og NSB er ikkje som andre verksemder, men vil gjerne vere det. Det første ein gjer når ein er eit gamalt statsverk som vil vere lekker på marknaden, er å lyge det beste ein vinn. Det kallast visjonar og servicefråsegner. Så gjeld det å gøyme seg for kundane, og det er det ein har 800-nummer til.
Desse numra kallast sjølvsagt servicetelefonar. Eg har eit lokalt døme: Det gamle Televerket var ei distriktsverksemd før det blei Telenor og alt flytta til Oslo. Det resulterte i ei mengd tomme telebygg rundt omkring i landet, også her i bygda. Det vil seie, heilt tomt blei telebygget ikkje, for framleis må nokon ha det lokale ansvaret for kabelpåvising i gravemeldingar. Dei arbeider der i løynd no, og eigentleg er dei der ikkje. Difor kan brukarane ikkje ringe dit, berre sende faks til eit nummer som ikkje står i katalogen – eller freiste lukka over eit 800-nummer. Det er pengar å spare på sånt.
Posten er likevel i særklasse når det gjeld økonomisk effektivisering. Rundt om i landet eig eller leiger Posten BA posthus som står tomme. Posttenester må du til ein butikk eller kiosk for å få. Eitkvart postkontor blir rekna som tapsprosjekt i den nye posttenkinga, og da er det berre å leggje ned. Eller å flytte verksemda inn på 3m2 i næraste butikk. For posttenester er så ulønnsame at Posten ikkje vil drive med slikt. Kva Posten eigentleg skal drive med i framtida, har eg ikkje fått med meg. Omstilling?
NSB BA har også kome langt i å bli eit moderne statsaksjeselskap med høgst avgrensa ansvar (det er det BA står for). I ei effektiv marknadsføring trudde eg at ein skulle satse på det ein var god til og det som særmerkte verksemda. I NSB ser dei det visst annleis, for der bruker dei millionar på å kjøpe bussar som kan køyre om kapp med bussane som køyrer om kapp med persontoga til NSB. I NSB Gods var dei først ute med denne nytenkinga: NSB Gods kjøpte containerbilar og byrja køyre om kapp med trailerane som køyrde om kapp med godstoga til NSB. Slikt kostar pengar. I mellomtida hanglar den utskjelte jernbaneverksemda vidare, med gamalt materiell på skjenene, dei nye Agenda-toga på verkstadane og pendlarane i harnisk.
NSB, Postverket, Televerket. Er det ikkje desse verka som har bunde landet saman? No skal Oslo Børs ta over. Eg har likevel større tru på NSB BA enn på Posten BA, for NSB tek arbeidet med omdømmet sitt alvorleg. Ein kvar kan vel trenge ei forbetring av ryktet sitt, og kva er det ein har reklamebudsjett til? Dette har Universitetet i Oslo også oppfatta, så der i garden engasjerte dei eit reklamebyrå til å kapre studentar frå NTNU i Trondheim og Universitetet i Bergen. Det seier meg to ting: For det første at det er for mange studieplassar i Noreg, og for det andre at styringa av Noreg skjer frå ei parlamentarisk nyvinning, Stortinget BA. Der veit dei nok betre enn dei fleste kva ein må gjere for å vere lekker på marknaden. Sjølv vaskar eg håret i Pantene Pro-V med den unike samansetnaden frå vitamininstituttet i Schweiz. Det gjeld å vere sterk i trua.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar